
Her på min hjemmeside vil jeg publisere nye dikt og dikt som tidligere er publisert på nettsidene
mine, eller står på trykk i diktsamlingen min «Utspring frå Storsteinen.»
Diktet Engelen min skrev jeg for 5 år siden, du finner det i diktsamlingen «Utspring frå Storsteinen.
Kjøp Utspring frå Storsteinen Eit dikt til minne om Kong Harald Bildet er frå mottakinga på Slottet (skjermdump frå NRK) når landslaget kom heim frå VM, og viser Kong Harald i saman med Patrick Berg. Diktet heiter « Rørt og berørt» Rørt og berørt
Han var alle sin Konge Kongen for store Kongen for små Kongen for gamle Kongen for unge
for han var alle like verdifull for han var alle like norske
Med ein klump i halsen og med stor takksemd tek eg farvel og takkar deg Kong Harald for alle du har rørt og berørt
Ålesund 28.august 2026 Bernt-Åge Grimstad
Berre ei fotoboks
Eg fekk lyst å leggje det ut på nytt når eg las at mange den siste tida vert teken med for høg fart. Så her er ei oppmoding ;
Køyr varsamt og kom trygt fram!
PS: Du finn diktet i diktboka «Utspring frå Storsteinen»
Berre ei fotoboks
Fotograferer du meg? Eg som berre er ei vanleg fotoboks? Det er fyrste gongen nokon har fotografert meg. Det er eg som brukar å fotografere. Eg fotograferer dei som køyrer forbi, ja ....om dei køyrer for fort då. Det er å fotografere som er jobben min. Heile døgnet står eg her i vegkanten og ventar på dei som vert kalla fartssyndarar, ....eller råkøyrarar om du likar det ordet betre. Alle set foten hardt på bremsa når dei oppdagar meg, men om du er komen for nær då hjelp det lite å bremse, for då har eg nok knipsa eit bilete av deg. 👉 Det kan verte dyrt å bli fotografert av meg, ....du bør nok heller gå til ein vanleg fotograf, ....eller ta ein selfie ...eller oppsøke ei fotoboks ....på eit kjøpesenter.. ....for det vert mykje billigare. I den tida eg har stått her er det mange merkelege uttrykk eg har observert i anleta til dei eg har fotografert. Når ho sa det.. ...då lo ho seg mest skakk i hel, ...fotoboksa, ...som står ein stad i vegkanten på E 136 mellom Dombås og Bjorli. Kanskje det var deg ho lo av I fotefara til brannen Kor var du når Brå brakk staven? Kor var du når Noreg slo Brasil? Kor var du når Sukkertoppen stod i brann?
Vi hugsar ofte kor vi var når store hendingar finn stad.
Store hendingar vert lagra i minnet. Når vi vert råka av ei krise, går livet i stå… med ei kjensle av; «stopp verden eg vil av» med ei kjensle av å vere kraftlaus og motlaus i eit endelaust vakum Hessaklimpen, vår kjære Sukkertopp, majestetisk står han oppreist i all sin prakt, sjølv om han framleis slikker sine sår etter brannen tjuande mars. 👉 Brannen har satt sine spor, men ut frå aska gror nytt liv fram, blomar og grønt gras, snart kjem lyngen tilbake på Hessøya sin vakre Sukkertopp, på øya som har fått namnet sitt frå Heidr som tyder lyngmark Så du som kjenner deg kraftlaus og motlaus kanskje du også kan finne ei spire til håp ei spire til det du brenn for i livet
Because:
«it is always hope in a hanging snore» Ålesund 22. april 2026 Tida rann Kvar vart du av? Eg sat der med mobilen i mi hand når du forsvann. Du for i ei rasande fart og vart berre borte sånn heilt av deg sjølv. Du berre forsvann, eg såg ikkje kor du tok vegen for eg sat jo der berre med min mobil i mi hand. 👉 Så då er det vel tid for å finne si seng for tida ho rann. Men når du i morgon tilbake kjem vil eg bruke deg betre og vere med deg. Heile tida vil eg då vere med deg, kun du og eg, sekund for sekund, minutt for minutt, time for time. Ja, heile dagen vil eg nyte og bruke deg godt. 👉 Du er der jo alltid. Du står klar til å brukast, til alt eg vil vere og alt eg vil gjere. Kjære Tida mi du er der for meg du. Du står opp med meg kvar einaste dag i mitt liv, men det er nok eg sjølv som må fylle deg opp med den eg vil vere. Ellingsøy 4.desember 2024
Meiningslaust
Siden det no er gått 4 år siden krigen i Ukraina startet, velger jeg å legge ut diktet «Meiningslaust» som jeg skrev like etter.
Ja, krig er det mest meningsløse som finnes uansett hvor og når.
To dikt med litt perspektiv på livet
Bildene er postkort fra Ålesund før og etter brannen natt til 23/1- 1904
Litt perspektiv på livet Å leve er å kjenne skilnaden på varmt og kaldt Å leve er å oppdage skilnaden på høgt og lavt Å leve er å sjå forskjellen på lite og stort, og at stort kan bli lite når noko er enda større. Å leve er å kjenne på sorg Å leve er å kjenne på glede Å leve er å gi kjærleik, og få følelsen av å bli fylt med endå meir kjærleik Å sjå på livet med ulikt perspektiv gjer at di sanning ikkje alltid blir mi sanning, og at mi sanning ikkje alltid blir di sanning Dersom du ser på livet med eit ego-perspektiv er det berre ei sanning, di sanning for den er alltid den beste for deg. Når du ser på livet med eit ope perspektiv, ser du at alt henger saman og at berre lyset kan vinne over mørket Når du ser på livet med eit ope perspektiv forstår du at alle er like verdifull og at kjærleiken er alt som er. Å leve er å kunne sjå seg sjølv nyte livet her og no, og kjenne på alt som livet gir, det å få vere ein del av alt som er. Ein hyllest til Hessa Ingen andre byar enn Ålesund og Rio kan skryte av å ha ein Sukkertopp. «Frå Sukkertoppen kan du sjå 15 kyrkjer», sa far min han Sven Nils. Når du sit på Sukkertoppen og trekk inn den friske lufta i strålande solskinn... ...ja då får du ei kjensle av at du har nådd toppen i livet. Når du lar tankane strøyme på der du sit... ... tenker du... ...vakrare plass finst ikkje. «Når Ålesund brente i 1904 lyste himmelen opp i en oransj farge», sa ho mormor, ho Gina Haugen, når ho fortalte meg om natta då Ålesund brann.
«Kanskje det e derfor ålsunn har oransje drakte då»,
sa eg til ho mormor.
Ho Mormor var 13 år, då ho satt på Martehaugen,
og såg at heile Ålesund forsvann i flammane.
Når du står på toppen av Hessaskaret ein vinterkveld,
og ser mot den vakre byenlyse opp i mørket; Då kan du sei høgt til deg sjølv; «Ålesund er aller finast frå Hessa.» Ein Hessing gløymer aldri kor du kjem i frå, same kor du er i verda, så ligg det lagra i hjartet, alle dei gode minna frå Hessa. Stabekk 29.januar 2021
Kjøp Utspring frå Storsteinen Guten og Sydama
Det har gått 5 år siden jeg skrev diktet «Guten og sydama». Diktet «Guten og sydama» har jeg fått mange fine tilbakemeldinger på, så jeg ønsker derfor som et lite jubileum å legge det ut på nytt. Diktet er også med i diktsamlingen «Utspring frå Storsteinen, som du kan bestille her på min hjemmeside (mer info under diktet).
Guten og sydama Det var Sunnmørsmesse i Ålebyen. Når det var Sunnmørsmesse, samla det seg mykje folk både frå by og land. Det er alltid kald nordavind i Ålesund når det er messe og tivoli i byen. Guten hadde også vore på messa, laurdagen, på den aller kaldaste dagen. Om kvelden tok han seg ein tur på Keiseren.
«Det er sikkert mykje liv på Keiseren i kveld og....
....kanskje treff eg ei kjekk jente her...»
...tenkte han medan han kleiv opp trappa til Keiseren.
Vel oppe vart han ønskt velkomen i døra av «Han Ellingsen sjøl». Det var mykje folk på Keiseren den kvelden. Mellom anna satt ho der, «Sydama», frå ei bygd i Nordfjord. Ho hadde fått frosten i seg på «Messe Standen», sjølv om ho hadde jobba på heile dagen. «Sydama» spratt opp ...når guten seinare på kvelden baud opp til dans. Ho fekk fort varmen i seg, der ho svinga seg på dansegolvet. 👉 Når tonane fra den siste dansen fylte lokalet, ein skikkeleg klinelåt... «Love Hurts» av Nazareth, var dei framleis på dansegolvet, tett inntil kvarandre, guten og «Sydama». Dei hadde funne tonen..., og det endte med at ho blei med han heim. Vel framme tok ho av seg.. ..den flotte kvite syntetiske ytterjakka, og la den fint på ein skinnpuff i kjellarstova. Han ville skape litt romantisk stemning
og tente på eit stearinlys i lysestaken på veggen
rett over der ho hadde lagt frå seg jakka si.
Dei sette seg i sofaen og var allereie tett omslynga
då han oppdaga at jakka hennar sto i full fyr! Den lange veiken frå stearinlyset hadde delt seg med det fatale resultatet at den lause veikdelen landa på jakka hennar. Han fekk tatt knekken på flammane, og restane av jakka bar han ut i det fri. Kva no? Han ville jo erstatte jakka hennar? 👉 Hadde det vore Vipps på den tida, då hadde jo han vippsa pengar til ho slik at ho fekk kjøpt seg ei ny jakke? Ikkje var det mobilbank heller, men det var jo ingen vits, for ingen hadde jo mobil på den tida. Så kvifor finne opp mobilbank når ingen hadde mobiltelefon. Det blir jo heilt feil...?? Ikkje ville han ta det på forsikringa heller... ....nei det ville bli for mykje styr. Korleis skulle han legge fram for Gjensidige kva som hadde skjedd? Nei, det var i alle fall heilt uaktuelt. Løysinga vart at han skreiv ut ein sjekk. Og slik vart det ny jakke på ho, «Sydama» frå ei bygd i Nordfjord. Jaja, tenkte guten.... Jenta var fin ho.... ....og det vart jo ein minnerik kveld. Kanskje minnes ho også denne kvelden... ...med eit lurt smil om munnen? «Sydama» frå ei bygd i Nordfjord Kvelden då eg vart så «tent» på ein gut frå Ålesund at eg følgde han heim. Den kvelden då jakka mi tok fyr... ..minnes ho og ler litt for seg sjølv, «Sydama» frå ei bygd i Nordfjord. Stabekk 12.januar 2021
Bestilling av diktboken «Utspring frå Storsteinen
"Utspring frå Storsteinen" er min første diktsamling (utgitt 2023) og kan bestilles her på min hjemmeside. Om du vil ha boken signert skriver du «signert» i adressefeltet når du bestiller. Du kan velge å betale “Utspring frå Storsteinen” med vipps til 585801 (B-Å Grimstad Consulting, Gamle Flisnesvegen 39) eller få tilsendt faktura til din e-post.
Prisen NOK 290 (inkl porto).
Navn * E-post * Post-adresse * Melding * Betaling * Vipps til 585801 Faktura til e-post Kjøp av bøker (inkl porto) * Utspring frå Storsteinen kr 290 Ledelse er enkelt kr 175 Begge bøkene kr 400 Send inn skjema
Løysinga Politikk er ikkje ei løysing, for det er mange meiningar om kva som er best for meg og oss, ikkje kva som er best for alt og alle. Det er egoet som snakkar. Økonomi er ikkje ei løysing, for dei som har mykje vil ha meir. Det er egoet som snakkar. Religion er ikkje ei løysing, for religion vert brukt til å skape splid. Det eg meiner er rett, og det du meiner er feil. Folk vert drepne i Guds navn, for dei ikkje lever slik eg og vi har bestemt at Gud vil. Det er egoet som snakkar. Krig er ikkje ei løysing, for krig er makt og splid. Krig er vi mot dei, for vi er meir verdfull enn dei. Det er egoet som snakkar. Det er berre ei løysing. I kjærleik er vi alle eitt. I kjærleik er vi alle like verdfull. I kjærleik er vi alle brør og systrer. Kjærleiken er limet. Kjærleiken bind saman. Det er kjærleiken som er løysinga. Stabekk 29.april 2022 Forbaska Tomhet Tomhet, hvor kommer du fra .. du som bare plutselig dukker opp? Du vil tydeligvis være her i sammen med meg uten at du er invitert. Noen ganger kommer du snikende for så å ta større og større plass. Ofte forsvinner du like fort som du kom. Andre ganger blir du værende så altfor lenge, slik som i dag. Tomhet, du kan gå no, prøvde jeg å si til deg, men i dag ville du ikke høre på meg. 👉 Så da er det vel bare å sitte her på vent mens du fyller meg med ….. .. ja.. tomhet. Nei! det er ikke det… for nå forlater jeg deg og jeg vil ikke si hvor jeg går. Ut bærer det i alle fall, ut for å hente ny energi, så da kan du bare sitte her… innestengt i din egen tomhet. Yes, det var deilig å bli kvitt deg, mye bedre er det å kjenne på snøfillene som nå kiler meg på nesen. 👉 Det er slik jeg kjenner at jeg lever, uten den forbaska tomheten virrende i og rundt meg. Når jeg kom tilbake hadde du forsvunnet. Borte vekk var du forbaska tomhet. Enkelte ganger er det vanskelig, veldig vanskelig å bli kvitt deg, men jeg lurte til slutt… …idag og. Røff sjø – moderat sikt Det var ein tung dag. Ein dag med røff sjø og moderat sikt som dei seier i vermeldinga. Han leita etter eit handskrive A5 ark i den raude ringpermen ....der var det, Hotel Wassilioff stod det med trykte bokstavar øvst på arket. På dette arket hadde han notert ned alle dei fine orda som vart sagt om han den gongen heile avdelinga for nokre år sidan var samla i Stavern. Han las opp alt som stod på framsida og snudde arket for å lese resten. Di meir han las spreidde det seg ei kjensle av lykke i heile kroppen. Smilet var tilbake samstundes som han fekk ein klump i halsen. Han tørka bort nokre gledestårer som rann nedetter kinna. Båe sidene på A5-arket las han ein gong til. Han opna deretter ringpermen for å sette arket på plass medan han tenkte; Eg er no ein flott kar, men det er ikkje alltid eg ser det sjølv. Han hadde stilna stormen inne i seg. Den røffe sjøen hadde lagt seg, sikta for dagen hadde gått frå moderat til no å vere framifrå. Dei positive orda han hadde «krota» ned frå kollegaane på eit handskrive A5-ark frå Hotel Wassilioff hadde nok ein gong fått fram det gode han har i seg og trua på seg sjølv. Stabekk 30.oktober 2021 Til deg som.. Til deg som slit no; Til deg som har det tungt no; Til deg som opplev at det berre er bratte oppoverbakkar…. Kanskje ser du eit glimt av sol som lyser på vegen din. Kanskje er det noko du er takksam for… Kjenn etter i hjartet ditt om du finn noko som kan løfte deg over den siste kneika…. Det skal sterk rygg til for å bere tung bør, …..men hald ut ….for der framme over toppen på den bratte bakken ventar ny styrke og påfyll av energi ….til deg …til deg som meistrar den tunge bakken! Ellingsøy 19.august 2022 Å reise seg Nokre kjem tidleg skeivt ut og mange kan få seg ein knekk seinare i livet. Har du det vanskeleg er det godt å vite at, Vi alle er bra Vi alle er unik, kvar på vår måte. Snu ryggsekken og tøm ut dei tunge steinane du putta opp i. Sjå for deg ein dag du hadde det bra. Du smiler til deg sjølv, og er glad. Ta sekken din på ryggen, den er blitt lettare no, for den er fylt med ny energi. Du seier til deg sjølv, der du vandrar på livsens veg, «Jaggu reiste eg meg oppatt». Det var berre ein liten brikke i puslespelet som hadde gøymt seg. No har eg sett brikken på plass. Det var kjærleiksbrikken som var på ville vegar, den som fortel meg om alt det gode eg har i meg. Eg er ikkje så glad i puslespel, men det er godt når alle brikkane fell på plass. Stabekk 8.oktober 2021
PS: ……..Og det stod han for, storkjefta som han er!
Å nyte
Diktet “Å nyte” skreiv eg ein av dei første flotte sommarkveldane i 2024
ein kveld Ålesund viste seg frå si aller beste side.
Fridom
Diktet «Fridom» vart til på ein flytur med Widerøe frå Ålesund til Bergen 31.juli 2024.
Alt som er «All you need is love» song Beatlesane frå Liverpool. «Love is all you need.» Beatlesane har mange songar om kjærleik. Kjærleik er den følelsen som alle andre følelser har sitt utspring frå. «Du kan leve lenge på luft og kjærlighet» er eit uttrykk som blir brukt ofte. Kjærleiken har mange former. Kjærleiken har mange språk. Kjærleik er å elske og å vere glad i. Eg elskar deg! I love you! Je t´aime! Ich liebe dich! Te quiero! Ti voglio bene! Eu te amo! Kjærleik er den gode kjensla du har i hjartet ditt. Kjærleik er å vise at du bryr deg Kjærleik er å gi av seg sjølv Kjærleik er å gi av noko du har djupt inne i deg. Kjærleik har du til klubben din. Kjærleik har du til plassen du har vakse opp. Kjærleik har du til dei unike og eineståande borna dine. Kjærleik har du til dei glade barnebarna dine. Kjærleik har du til ei mor og ein far som fekk deg fram i livet. Kjærleik har du til ein bestefar og ei bestemor som hadde tid til deg. Kjærleik har du til den flotte kjærasten din. Ja, kjærleik er alt som er, så gløym ikkje kjærleiken til deg sjølv.
Mine briller og dine briller Hakk i plata
På ein sveivegrammofon brukt på 1960 og 70-talet vart det ofte hakk i plata. Det var hakk i plata vart det sagt om han som sa opp att det meste fleire gonger Det var hakk i plata, han var på «repeaten» vart det sagt om han som hadde fått litt for mykje fluidum Kvifor hakk i plata framleis er eit uttrykk mange brukar er det kanskje ikkje mange som veit Eg veit det heller ikkje, men eg trur at hakk i plata vart til når ein spela 78-plater på ein sveive grammofon på 60-talet Ellingsøy 29.februar 2024 Vanlige folk Hva er egentlig vanlige folk? Er vanlige folk bare helt vanlig? «Nå er det vanlige folk sin tur» var noe vi hørte både titt og ofte i tilknytning til Stortingsvalget i 2021, men hvem er alle disse vanlige folkene? Hvem er da de som ikke er vanlige folk, altså de uvanlige folkene? Ja, det er noe der som jeg ikke helt har forstått. Men endelig, idag 7.desember når jeg hørte på morgen-nyhetene på NRK Radio kl 07:30 da falt alt på plass. For da kom det frem at på Bygdøy bodde de med høyest gjennomsnittsinntekt i Norge og da kom det frem at de som bor der er helt vanlige folk. Så da vet vi det endelig, det er de som bor på Bygdøy som er vanlige folk, helt vanlige folk. Ellingsøy 7.desember 2023 Bernt-Ågre Grimstad «No limit» «The sky is the limit», sa han til seg sjølv og fekk ei kjensle av at han segla på ei sky av sjølvtillit. Tankane tilbake til tida då han stod med begge beina i gjørme til knea vart meir og meir fjern for han. Ein ny tanke sneik seg fram; Korleis skulle han denne gongen lande mjukt med begge beina godt planta på jorda? Han la tanken på skya og såg den fare av garde. «Den som intet våger intet vinner», sa han til seg sjølv. «There is no limit», tenkte han høgt medan eit stort smil spreidde seg, og kjensla av det festa seg i hjartet. Stabekk 5.september 2021
Min første diktsamling. - Utspring frå Storsteinen Kjøp "Utspring frå Storsteinen" her: Navn * E-post * Post-adresse * Melding * Betaling * Vipps til 585801 Faktura til e-post Kjøp av bøker (inkl porto) * Utspring frå Storsteinen kr 290 Ledelse er enkelt kr 150 Begge bøkene kr 400 Send inn skjema
"Utspring frå Storsteinen" er min første diktsamling (utgitt 2023) og kan bestilles her på min hjemmeside. Om du vil ha boken signert skriver du «signert» i adressefeltet når du bestiller. Du kan velge å betale “Utspring frå Storsteinen” med vipps til 585801 (B-Å Grimstad Consulting, Gamle Flisnesvegen 39) eller få tilsendt faktura til din e-post.
Prisen NOK 290 (inkl porto)
Den kan og bestilles fra bokhandlere.
«Utspring frå Storsteinen» tar utgangspunkt i min oppvekst på Hessa i Ålesund. Oppveksten på Hessa gjorde at jeg fikk med meg en trygg og god ballast videre i livet.
Boken består av dikt på både nynorsk og bokmål. Diktsamlingen er inndelt i følgende tema; Til Hessa, Kjensle av livet (nynorsk), Det livet gir (bokmål), Korona, Slik eg såg det (nynorsk), Sett fra mitt ståsted (bokmål). Til sammen inneholder boken 76 av mine dikt.
Jeg håper du som kjøper boken vil kose deg med den, og at du tar frem «Utspring frå Storsteinen» når du trenger litt påfyll av energi.
Stillheten
Finn stillheten i deg selv
Mine og dine
Det er et tankekors at vi i 2023 ikke klarer å leve i fred og harmoni med hverandre. Land kjemper mot land, det snakkes om venner og fiender. Store lidelser blir påført våre medmennesker på grunn av makt og mangel på kjærlighet for hverandre. De som er i krig klarer ikke å se at vi alle er en del av helheten på planeten jorda.
Samarbeid grunnlagt på kjærlighet, er det som skaper en bedre verden for alle. Kjærlighet samler, frykt splitter. Det er ingen vinnere i krig, i krig er alle tapere. Samarbeid er den eneste løsningen.
Den dagen vi kan behandle hverandre som om «mine er dine», da vil alle få det bedre. Diktet «Mine og dine» skrev jeg i 2021 og legger det ut som en påminnelse til oss alle om hvordan vi sammen kan skape en bedre verden.
Mine og dine
Alle vil ha fred. Alle vil ha fridom. Kvifor er det då krig? Kvifor vert då så mange fengsla, torturert og drepne? Alle syter for sine, men kven er dine og kven er mine? Er det på grunn av mine og dine at det framleis er krig? Er det på grunn av mine og dine at så mange vert fengsla, torturert og drepne? Dei var ikkje mine, dei var dine. Eg kjempar for mine og du kjempar for dine. Det eg og mine trur på er rett, det du og dine trur på er feil. Den dagen dine også blir mine, og mine også blir dine, då får alle rett. Vi heiter det då om både mine og dine. Alle er mine. Alle er dine.
Rett skal vere rett
Onsdag 18/10-23 leste jeg dikt for Nordea-pensjonistene på Jervell Gjestehus i Ålesund. I den forbindelse legger jeg ut et av diktene mine som handler om den gangen det var fysiske penger i bankene, og kassereren hadde en viktig rolle. Diktet «Rett skal vere rett» skrev jeg i juni 2021 og minner meg om at bank ikke lenger er det det engang var.
I diktet beskriver jeg situasjonen slik den var på 1970-tallet før kort, minibank, kort-terminal i butikk, nettbank og vipps tok over kassereren sin rolle. Den gangen måtte du gå i banken for å ta ut penger, eller du kunne skrive ut en sjekk for å betale varene du handlet i butikken.
Rett skal vere rett
Kasseraren vart heilt sveitt, og kjende at pulsen steig. Han hadde ein «diff» på minus hundre kroner når han talde opp kassa si. Kven kan eg ha gitt hundre kroner for mykje tenkte han høgt medan han «klødde seg i haudet». I går stemde kassa mi på «øret». Alle som hadde vore innom etter at han talde kassa i går gjekk som ein film framfor han. Nei, det kunne ikkje vore ho.. Nei, det kunne ikkje vore Han... eller ho.. eller han... Men då brått dukka det opp ein person på filmen, han Lars Olsen, han kunne det kanskje ha vore som hadde fått hundre kroner for mykje? Kasseraren fann nummeret til han Lars Olsen i telefonkatalogen, tok av røret, venta på summetonen. Der kom summetonen så då var det berre å stikke fingeren i dei rette hola på tallskiva. Der ringte det, og ei kvinnestemme svara i den andre enden. God dag, sa kasseraren, det er frå banken, du snakkar med Kasserar Tor Pinneberg, treff eg Lars Olsen på dette nummeret? Ja, det gjer du, men han kan ikkje ta telefonen nett no for han sit i eit grønsåpebad, men eg kan be han ringe deg når han er ferdig. Ho reiv av ei snippe av ein brødpose, fann ein blyant og noterte namnet og telefon-nummeret til kasseraren, så la ho lappen på telefonbordet i entréen og festa eine enden av lappen under fast-telefonen. Ho ville vere sikker på at lappen ikkje gøymde seg bort før han Lars hadde sett den. Når han Lars hadde tørka føtene etter det friske grønsåpebadet, fekk han ei kjensle av lykke som spreidde seg i heile kroppen. Ingenting er betre enn eit grønsåpebad, tenkte han for seg sjølv. Han hadde vorte ein ny person frå topp til tå. Grønsåpebad gir ny energi sa Lars Olsen til seg sjølv når han trakk på seg dei nye polyestersokkane som han nett hadde kjøpt tre par av med han Birger Thunem på Sankten. Lars Olsen gjekk ut i entréen, retta blikket på lappen som låg på telefonbordet, og løfta av røret på heimetelefonen, stakk ringfingeren i dei rette hola på tallskiva og ringte til banken. Når han fekk svar sette sentralbord-dama telefonen over til kasserer Pinneberg.
«Versegod», sa sentralborddama, her får De Kasserer Pinneberg.
Når Lars fekk vete at han kanskje hadde
fått hundre kroner for mykje tidligare
på dagen, talde han pengane på nytt.
Kasserar Pinneberg hadde vore særs raus, der var ein hundrelapp for mykje
Når Lars oppdaga det, stakk han dei reinvaska føtene ned i dei brune nypussa skorne sine, tok på seg den kvite Gabardin-kappa si, såg seg i speilet og plasserte hatten litt på skrå før han gjekk ut ytterdøra.
Han tok ein av hundrelappane, og gøymde den i si høgre hand, så putta han handa i lomma på Gabardin-kappa.
Lars Olsen var på veg til banken.
Når han kom til banken gjekk han rett mot Kasse 3 og såg der at Pinneberg var oppteken med å summere ein bunke med sjekkar.
Likevel såg Pinneberg opp og ga Lars ein venlig nikk når han oppdaga at han stod der framfor skiltet, Kasse 3. Når Pinneberg hadde summert ferdig retta han blikket sitt på Lars Olsen, som tok opp hundrelappen og gav den til Pinneberg. Ja, eg hadde fått ein lapp for mykje, sa Lars Olsen, ...og rett skal vere rett føydde han til. Kasserar Pinneberg takka så mykje og pusta letta ut. Pinneberg trakk eit såkalla «lettelsens sukk», og hundrelappen vart plassert i pengeskuffa saman med alle dei andre hundrelappane. Ja, rett skal vere rett sa han Lars Olsen nok ein gong, denne gongen til seg sjølv då han nøgd gjekk ut døra frå banken.
Han putta hendene djupt ned i lommene på Gabardin-kappa etter at han hadde
retta litt på hatten sin,
ein klassisk italiensk Borsalino hatt.
Ellingsøy 10.juni 2021
Gi slipp
(Om du ikke klarer å gi slipp kan du bli en skygge av deg selv.)
Jeg føler at det ikke vil slippe taket det som ikke lenger er meg. Lysten til å gå videre forstyrres av noe som henger igjen. Jeg holdes igjen i det gamle som ikke er meg, «dette gamle» sliter og drar i hele meg. Mitt «gamle jeg» drar meg tilbake, jeg prøver, men klarer ikke helt å gi slipp. Det henger igjen i meg, hva vil den si, og den mene, hva vil de tenke … og de … og de? Da sier en stemme inne i meg; «Dette handler om deg, ikke hva alle de andre skal tenke og mene.» Da skjønte jeg endelig hvor deilig det var å gi slipp på å være den som ikke er meg. Ellingsøy 14.oktober 2023
Benken
Benken
Der står en benk bakom fjellet, en gammel mosegrodd sliten en. «Det går nok mot slutten nå», sier benken «…men opp gjennom åra, utallige kropper har funnet hvile her hos meg på vandring langs Borgernes vei» Byens fine borgere her har promenert, mye har jeg sett og enda mer har jeg hørt. Mange faste kunder har satt spor etter seg. Filosofen som kom her hver dag klokka tre med livlig fantasi. Livets realitet om hvorfor vi er til var gjennomgangsmelodien i hans søken etter sin utopi. I timer ut og dager inn filosoferte han smattende på sin Sorte Mand … …… Hva skjer når vi dør? Hvorfor er vi her? Hva er meningen med livet? Nå kommer han ikke hit lenger, så sine svar har han nok fått. For når han nå hilser på, er det uten sin trøtte kropp... ..Men dog vet jeg at han her tilstede er, når duften av cigar, den Sorte Mand, tykt seg legger over mosegrodde meg. Ja mange har satt sine spor, og fått gjenskapt sin indre ro. Noen har enda til sluppet en fjert, i fred og god tro. Tiden er snart moden for at også jeg kan takke for meg. Et rikt liv har det vært .. Her …langs Borgernes vei. Men verre det var for en slektning av meg, reservebenken, som på Kråmyra stod. Et godt liv hadde ikke han for ingen fotballspillere vil jo på benken sitte? Sist jeg snakket med han, fortalte han at han skulle sendes til gjennvinning i Nittedal, For ingen flytting det ble …på han …fra Kråmyra ….til Color Line. Ja nå lurer vel du på hvordan reservebenken og jeg kan sammen snakke? Nei …det er kanskje ikke så lett å forstå? Det har seg slik at vi er fra det samme stamtreet, dog likevel ..to forskjellige grener, men av den samme familien Furu. Ja, vi har bokstavelig talt vokst opp i den samme stammen, og da vibrerer vi på samme frekvens, og sender på samme kanal… … i en form for telepati. Dessverre har vi nå kontakten mistet da han til fyrstikker ble. Signalene forsvant med det. Fra Nittedal han pakket ble og sendt med tog og bil til hit og dit og overalt. Men hva med deg da benken? …..Bevissthet er min utopi, men først igjen å bli … …en form for energi. Ellingsøy 12.juli 2022
PS: Diktet «Benken» er med i diktsamlingen «Utspring frå Storsteinen»
Book meg for diktopplesning
Skriv litt om det du ønsker og når, så tar jeg kontakt i løpet av neste virkedag.
Navn * E-post * Litt informasjon om det du ønsker * Send inn Mine bøker kan bestilles her: Navn * Melding * E-post * Post-adresse * Betaling * Vipps til 585801 Faktura til e-post Kjøp av bøker * Utspring frå Storsteinen kr 290 (inkl porto) Ledelse er enkelt kr 150 (inkl porto) Begge bøkene kr 400 (inkl porto) Send meg en kopi Send inn Utspring frå Storsteinen
"Utspring frå Storsteinen" er min første diktsamling (utgitt 2023) og kan bestilles her på min hjemmeside. Om du vil ha boken signert skriver du «signert» i adressefeltet når du bestiller. Du kan velge å betale “Utspring frå Storsteinen” med vipps til 585801 (B-Å Grimstad Consulting, Gamle Flisnesvegen 39) eller få tilsendt faktura til din e-post. Prisen inkl porto er NOK 290.
«Utspring frå Storsteinen» tar utgangspunkt i min oppvekst på Hessa i Ålesund. Oppveksten på Hessa gjorde at jeg fikk med meg en trygg og god ballast videre i livet.
Boken består av dikt på både nynorsk og bokmål. Diktsamlingen er inndelt i følgende tema; Til Hessa, Kjensle av livet (nynorsk), Det livet gir (bokmål), Korona, Slik eg såg det (nynorsk), Sett fra mitt ståsted (bokmål). Tilsammen innholder boken 76 av mine dikt.
Jeg håper du som kjøper boken vil kose deg med den, og at du tar frem «Utspring frå Storsteinen» når du trenger litt påfyll av energi.
Jeg stiller med glede opp for mer diktlesning i andre sammenhenger, så ta gjerne kontakt om det er av interesse.
Ledelse er enkelt
Min først bok «Ledelse er enkelt» (utgitt 2019) handler om at ledelse først og fremst handler om å bygge lag, hvordan du kan få det beste ut av laget ditt.
Ved å følge rådene i boka blir ledelse «enkelt» for deg som leder.
Boken bygger på mine erfaringer om ledelse gjennom et langt arbeidsliv.
«Ledelse er enkelt» kan du bestille her.
Med vennlig hilsen
Når ei krone var ei krone Når ei krone var ei krone
Det er lenge sidan ei krone var ei krone. Det var i den tida du gjekk i banken med sparebøssa og det i bankboka vart skreve kor rik du var.
Det var i den tida du putta myntar på parkometeret
og spela med kronestykke på automatene
til Raude Kors.
Det var i den tida du kunne ringe frå ein telefonkiosk
om du hadde myntar å putte på.
Det var i den tida du kunne betale straum-rekninga
med kronestykke på ein mynt-målar. Ja, du kunne enda til betale TV-en din med eit mynt-apparat festa til TV-en, men du var nok ille ute om du ikkje hadde fleire kronestykke å putte på om TV-en slokna midt i det mest spanande når du sat der i godstolen fredagskvelden og såg på Helgenen. ➡️ Du kunne ikkje spole tilbake eller sjå korleis det gjekk med Simon Templar seinare på kvelden eller dagen etter. Du kunne heller ikkje sjå på ein annan kanal eller YouTube eller laste ned ein film eller bruke Chromecast. Ein Kroneis kosta berre ei krone den gongen. Ei krone var ei krone og pengar var pengar, men vipps så vart det slutt på det. Bank kan du framleis få… …om du vil det då, men du skal helst ikkje i banken gå. Ellingsøy 12.september 2023
Bernt-Åge Grimstad



































Vil du snakke om dette? Den første samtalen er gratis.








