Mine dikt

Her på min hjemmeside vil jeg publisere nye dikt og dikt som tidligere er publisert på nettsidene

mine, eller står på trykk i diktsamlingen min «Utspring frå Storsteinen.»

Med et budskap om kjærlighet ønsker jeg alle en riktig god påske. Diktet «Alt som er»  handler om kjærlighet og det skrev jeg skrev jeg i mai 2021. Diktet er og med i diktsamlingen min «Utspring frå Storsteinen.»


Alt som er

 

«All you need is love»

song Beatlesane frå Liverpool.

«Love is all you need.»

 

Beatlesane har mange

songar om kjærleik.

Kjærleik er den følelsen som

alle andre følelser har

sitt utspring frå.

 

«Du kan leve lenge

på luft og kjærlighet»

er eit uttrykk som blir

brukt ofte.

 

Kjærleiken har mange former.

Kjærleiken har mange språk.

Kjærleik er å elske og å vere glad i.

 

Eg elskar deg!

I love you!

Je t´aime!

Ich liebe dich!

Te quiero!

Ti voglio bene!

Eu te amo!

Kjærleik er den gode kjensla

du har i hjartet ditt.

Kjærleik er å vise at du bryr deg

Kjærleik er å gi av seg sjølv

 

Kjærleik er å gi av noko du

har djupt inne i deg.

Kjærleik har du til klubben din.

Kjærleik har du til plassen

du har vakse opp.

 

Kjærleik har du til dei unike

og eineståande borna dine.

Kjærleik har du til dei glade

barnebarna dine.

Kjærleik har du til

ei mor og ein far som fekk

deg fram i livet.

 

Kjærleik har du til ein

bestefar og ei bestemor

som hadde tid til deg.

Kjærleik har du til

den flotte kjærasten din.

 

Ja, kjærleik er alt som er,

så gløym ikkje kjærleiken

til deg sjølv.


Mine briller og dine briller


Hakk i plata

På ein sveivegrammofon brukt på 1960 og 70-talet

vart det ofte hakk i plata.

Det var hakk i plata 

vart det sagt om han som 

sa opp att det meste fleire gonger

 

Det var hakk i plata, 

han var på «repeaten»

vart det sagt om han som 

hadde fått litt for mykje fluidum

 

Kvifor hakk i plata framleis er 

eit uttrykk mange brukar 

er det kanskje ikkje 

mange som veit

 

Eg veit det heller ikkje, 

men eg trur at hakk i plata 

vart til når ein spela 78-plater 

på ein sveive grammofon på 60-talet

 

Ellingsøy 29.februar 2024

Bernt-Åge Grimstad

 

 


Vanlige folk

 

Hva er egentlig vanlige folk?

Er vanlige folk bare helt vanlig?

«Nå er det vanlige folk sin tur» var

noe vi hørte både titt og ofte i tilknytning

til Stortingsvalget i 2021, men hvem er

alle disse vanlige folkene?

 

Hvem er da de som ikke er vanlige folk,

altså de uvanlige folkene?

Ja, det er noe der som

jeg ikke helt har

forstått.

 

Men endelig, idag 7.desember når jeg hørte på

morgen-nyhetene på NRK Radio kl 07:30

da falt alt på plass.

 

For da kom det frem at på Bygdøy bodde de med

høyest gjennomsnittsinntekt i Norge

og da kom det frem at de som bor

der er helt vanlige folk.

 

Så da vet vi det endelig,

det er de som bor på Bygdøy

som er vanlige folk, helt vanlige folk.

 

Ellingsøy 7.desember 2023

Bernt-Ågre Grimstad

«No limit»

 

«The sky is the limit»,  sa han til seg sjølv

og fekk ei kjensle av at han segla på

ei sky av sjølvtillit.

 

Tankane tilbake til tida då han

stod med begge beina i gjørme til knea

vart meir og meir fjern for han.

 

Ein ny tanke sneik seg fram;

Korleis skulle han denne gongen lande mjukt

med begge beina godt planta på jorda?

 

Han la tanken på skya og såg den fare av garde.

«Den som intet våger intet vinner»,

sa han til seg sjølv.

 

«There is no limit», tenkte han høgt

medan eit stort smil spreidde seg,

og kjensla av det festa seg i hjartet.

 

Stabekk 5.september 2021

Bernt-Åge Grimstad

Min første diktsamling. - Utspring frå Storsteinen

Kjøp "Utspring frå Storsteinen" her:




"Utspring frå Storsteinen" er min første diktsamling (utgitt 2023) og kan bestilles  her på min hjemmeside.  Om du vil ha boken signert skriver du «signert» i adressefeltet når du bestiller.  Du kan velge å betale “Utspring frå Storsteinen” med vipps til 585801 (B-Å Grimstad Consulting, Gamle Flisnesvegen 39) eller få tilsendt faktura til din e-post.

Prisen NOK 290 (inkl porto).

Utspring frå Storsteinen” kan også kjøpes “over disk” i følgende butikker i Ålesund:

  • KIWI Skarbøvika
  • Ark Kremmergaarden
  • Ark Amfi Moa
  • Norli Amfi Moa Øst

 

Aasentunet i Ørsta har boka for salg både over disk og i sin nettbutikk.

Stine Rødseth Design (som  hjalp meg med utforming av boken) har den for salg i sin nettbutikk.

 

Den kan og bestilles fra sidene til andre nett-bokhandlere.

«Utspring frå Storsteinen» tar utgangspunkt i min oppvekst på Hessa i Ålesund. Oppveksten på Hessa gjorde at jeg fikk med meg en trygg og god ballast videre i livet. 

 

Boken består av dikt på både nynorsk og bokmål. Diktsamlingen er inndelt i følgende  tema; Til Hessa, Kjensle av livet (nynorsk), Det livet gir (bokmål), Korona, Slik eg såg det (nynorsk), Sett fra mitt ståsted (bokmål). Tilsammen innholder boken 76 av mine dikt.

Jeg håper du som kjøper boken vil kose deg med den,  og at du tar frem «Utspring frå Storsteinen»  når du trenger litt påfyll av energi. 

 

Stillheten

Finn stillheten i deg selv

Mine og dine

 

Det er et tankekors at vi i 2023 ikke klarer å leve i fred og harmoni med hverandre. Land kjemper mot land, det snakkes om venner og fiender. Store lidelser blir påført våre medmennesker på grunn av makt og mangel på kjærlighet for hverandre. De som er i krig klarer ikke å se at vi alle er en del av helheten på planeten jorda.

Samarbeid grunnlagt på kjærlighet, er det som skaper en bedre verden for alle. Kjærlighet samler, frykt splitter. Det er ingen vinnere i krig, i krig er alle tapere.  Samarbeid er den eneste løsningen.

Den dagen vi kan behandle hverandre som om «mine er dine», da vil alle få det bedre. Diktet «Mine og dine» skrev jeg i 2021 og legger det ut som en påminnelse til oss alle om hvordan vi sammen kan skape en bedre verden.

 

 

Mine og dine

 

Alle vil ha fred.

Alle vil ha fridom.

 

Kvifor er det då krig?

Kvifor vert då så mange

fengsla, torturert

og drepne?

 

Alle syter for sine,

men kven er dine

og kven er mine?

 

Er det på grunn av

mine og dine at

det framleis er krig?

 

Er det på grunn av mine

og dine at så mange

vert fengsla,

torturert og drepne?

➡️

Dei var ikkje mine,

dei var dine.

 

Eg kjempar for mine og

du kjempar for dine.

 

Det eg og mine trur på

er rett,

det du og dine trur på

er feil.

 

Den dagen dine

også blir mine,

og mine

også blir dine,

då får alle rett.

 

Vi heiter det då

om både mine og dine.

Alle er mine.

Alle er dine.

 


Rett skal vere rett

 

Onsdag 18/10-23 leste jeg dikt for Nordea-pensjonistene på Jervell Gjestehus i Ålesund. I den forbindelse  legger jeg ut et av diktene mine som handler om den gangen det var fysiske  penger i bankene, og kassereren hadde en viktig rolle. Diktet «Rett skal vere rett» skrev jeg i juni 2021 og minner meg om at bank ikke lenger er det det engang var. 

I diktet beskriver jeg situasjonen slik den var på 1970-tallet før kort,  minibank, kort-terminal i butikk, nettbank og vipps tok over kassereren sin rolle.   Den gangen måtte du gå i banken for å ta ut penger, eller du kunne skrive ut en sjekk for å betale varene du handlet i butikken. 

Rett skal vere rett

 

Kasseraren vart heilt sveitt, 

og kjende at pulsen steig.

Han hadde ein «diff» 

på minus hundre kroner 

når han talde opp kassa si.

 

Kven kan eg ha gitt hundre kroner 

for mykje tenkte han høgt 

medan han «klødde seg i haudet».

I går stemde kassa mi på «øret».

 

Alle som hadde vore innom etter at

han talde kassa i går gjekk som 

ein film framfor han.

Nei, det kunne ikkje vore ho..

Nei, det kunne ikkje vore 

Han... eller ho.. eller han...

 

Men då brått dukka det opp 

ein person på filmen, 

han Lars Olsen, han kunne det kanskje 

ha vore som hadde fått 

hundre kroner for mykje?

 

Kasseraren fann nummeret 

til han Lars Olsen i telefonkatalogen, 

tok av røret, venta på summetonen.

 

Der kom summetonen 

så då var det berre å stikke fingeren 

i dei rette hola på tallskiva.

Der ringte det,  og ei kvinnestemme 

svara i den andre enden.

 

God dag, sa kasseraren, 

det er frå banken, du snakkar 

med Kasserar Tor Pinneberg, 

treff eg Lars Olsen på dette nummeret?

 ➡️

 

 Ja, det gjer du, men han kan ikkje ta  

telefonen nett no

for han sit i eit grønsåpebad, 

men eg kan be han ringe deg 

når han er ferdig.

 

Ho reiv av ei snippe av ein brødpose, 

fann ein blyant og noterte namnet 

og telefon-nummeret til kasseraren, 

så la ho lappen på telefonbordet i entréen

og festa eine enden av lappen 

under fast-telefonen.

 

Ho ville vere sikker på at lappen ikkje 

gøymde seg bort før han 

Lars hadde sett den.

 

Når han Lars hadde tørka føtene 

etter det friske grønsåpebadet, 

fekk han ei kjensle av 

lykke som spreidde seg 

i heile kroppen.

Ingenting er betre enn eit grønsåpebad,

tenkte han for seg sjølv.

Han hadde vorte 

ein ny person frå topp til tå. 

 

Grønsåpebad gir ny energi sa 

Lars Olsen til seg sjølv 

når han trakk på seg dei 

nye polyestersokkane som han 

nett hadde kjøpt tre par av med han

Birger Thunem på Sankten.

Lars Olsen gjekk ut i entréen, retta blikket på 

lappen som låg på telefonbordet, og

løfta av røret på heimetelefonen, 

stakk ringfingeren i dei rette hola 

på tallskiva og ringte til banken.

Når han fekk svar sette sentralbord-dama 

telefonen over til kasserer Pinneberg.

 

«Versegod», sa sentralborddama, her får De Kasserer Pinneberg. 

 

Når Lars fekk vete at han kanskje hadde 

fått hundre kroner for mykje tidligare 

på dagen, talde han pengane på nytt. 

Kasserar Pinneberg hadde vore særs raus, der var ein hundrelapp for mykje

➡️

 

Når Lars oppdaga det, stakk han dei 

reinvaska føtene ned i dei brune 

nypussa skorne sine, 

tok på seg den kvite Gabardin-kappa si, 

såg seg i speilet og plasserte hatten 

litt på skrå før han gjekk ut ytterdøra.

 

Han tok ein av hundrelappane, og gøymde den i si høgre hand, så putta han handa i lomma på Gabardin-kappa. 

Lars Olsen var på veg til banken.

 

Når han kom til banken gjekk han rett mot Kasse 3 og såg der at Pinneberg var oppteken med å summere ein bunke med sjekkar. 

Likevel såg Pinneberg opp og ga Lars 

ein venlig nikk når han oppdaga

at han stod der framfor skiltet, Kasse 3. 

 

Når Pinneberg hadde summert ferdig 

retta han blikket sitt på Lars Olsen,  

som tok opp hundrelappen og gav den 

til Pinneberg.

 

Ja, eg hadde fått ein lapp for mykje, 

sa Lars Olsen, 

...og rett skal vere rett føydde han til.

Kasserar Pinneberg takka så 

mykje og pusta letta ut.

 

Pinneberg trakk eit såkalla 

«lettelsens sukk», 

og hundrelappen vart plassert 

i pengeskuffa saman med alle

dei andre hundrelappane.

 

Ja, rett skal vere rett sa han Lars Olsen 

nok ein gong, denne gongen til seg sjølv 

då han nøgd gjekk ut døra frå banken.

Han putta hendene djupt ned i lommene på Gabardin-kappa etter at han hadde 

retta litt på hatten sin, 

ein klassisk italiensk Borsalino hatt.

 

Ellingsøy 10.juni 2021

Bernt-Åge Grimstad

 


Gi slipp

(Om du ikke klarer å gi slipp kan du bli en skygge av deg selv.)

Jeg føler at det ikke vil slippe taket

det som ikke lenger er meg.

 

Lysten til å gå videre forstyrres

av noe som henger igjen.

 

Jeg holdes igjen i det gamle som ikke er meg,

«dette gamle» sliter og drar i hele meg.

 

Mitt «gamle jeg» drar meg tilbake,

jeg prøver, men klarer ikke helt

å gi slipp.

 

Det henger igjen i meg,

hva vil den si, og den mene,

hva vil de tenke … og de … og de?

 

Da sier en stemme inne i meg;

«Dette handler om deg,

ikke hva alle de andre skal

tenke og mene.»

 

Da skjønte jeg endelig hvor deilig det var

å gi slipp på å være den som ikke er meg.

 

Ellingsøy 14.oktober 2023

Bernt-Åge Grimstad


Benken


Benken

 

Der står en benk bakom fjellet,

en gammel mosegrodd sliten en.

 

«Det går nok mot slutten nå», sier benken

«…men opp gjennom åra,

utallige kropper har funnet hvile

her hos meg på vandring

langs Borgernes vei»

 

Byens fine borgere

her har promenert,

mye har jeg sett

og enda mer

har jeg hørt.

Mange faste kunder

har satt spor

etter seg.

 

Filosofen som kom her

hver dag klokka tre

med livlig fantasi.

 Livets realitet om hvorfor vi er til

var gjennomgangsmelodien i

hans søken etter sin utopi.

 

I timer ut og dager inn

filosoferte han  

smattende på

sin Sorte Mand …

……

Hva skjer når vi dør?

Hvorfor er vi her?

Hva er meningen med livet? 

 ➡️

 

 

Nå kommer han ikke hit lenger,

så sine svar har han nok fått.

 

For når han nå hilser på,

er det uten sin trøtte kropp...

 

..Men dog vet jeg at han her tilstede er,

når duften av cigar, den Sorte Mand,

tykt seg legger over mosegrodde meg.

 

Ja mange har satt sine spor,

og fått gjenskapt sin indre ro.

Noen har enda til sluppet en fjert,

i fred og god tro.

 

Tiden er snart moden for

at også jeg kan takke for meg.

Et rikt liv har det vært ..

Her …langs Borgernes vei.

 

Men verre det var

for en slektning av meg,

reservebenken,

som på Kråmyra stod.

 

Et godt liv hadde ikke han

for ingen fotballspillere

vil jo på benken sitte?

 

Sist jeg snakket med han,

fortalte han at han skulle sendes

til gjennvinning i Nittedal,

 

For ingen flytting det ble

…på han …fra Kråmyra

….til Color Line.

 

Ja nå lurer vel du på hvordan

reservebenken og jeg kan

sammen snakke?

➡️

 

Nei …det er kanskje ikke så lett å forstå?

 

Det har seg slik at vi er fra

det samme stamtreet,

dog likevel ..to forskjellige grener,

men av den samme familien Furu.

 

Ja, vi har bokstavelig talt vokst opp i

den samme stammen,

og da vibrerer vi på samme frekvens,

og sender på samme kanal…  

… i en form for telepati.

 

Dessverre har vi nå kontakten mistet

da han til fyrstikker ble.

Signalene forsvant med det.

 

Fra Nittedal han pakket ble

og sendt med tog og bil

til hit og dit

og overalt.

 

Men hva med deg da benken?  

 

…..Bevissthet er min utopi, 

men først igjen å bli …

…en form for energi.

 

Ellingsøy 12.juli 2022

Bernt-Åge Grimstad

  

PS: Diktet «Benken» er med i diktsamlingen «Utspring frå Storsteinen»


Book meg for diktopplesning

Skriv litt om det du ønsker og når, så tar jeg kontakt i løpet av neste virkedag.

Mine bøker kan bestilles her:




Utspring frå Storsteinen

 

"Utspring frå Storsteinen" er min første diktsamling (utgitt 2023) og kan bestilles  her på min hjemmeside.  Om du vil ha boken signert skriver du «signert» i adressefeltet når du bestiller.  Du kan velge å betale “Utspring frå Storsteinen” med vipps til 585801 (B-Å Grimstad Consulting, Gamle Flisnesvegen 39) eller få tilsendt faktura til din e-post. Prisen inkl porto er NOK 290.

 

“Utspring frå Storsteinen” kan også kjøpes “over disk” for NOK 290 i følgende butikker i Ålesund:

 

  • KIWI Skarbøvika
  • Ark Kremmergaarden
  • Ark Amfi Moa
  • Norli Amfi Moa Øst

 

Aasentunet i Ørsta har boka for salg både over disk og i sin nettbutikk.

Stine Rødseth Design (som  hjalp meg med utforming av boken) har den for salg i sin nettbutikk.

 

Den kan og bestilles fra sidene til andre nett-bokhandlere.

«Utspring frå Storsteinen» tar utgangspunkt i min oppvekst på Hessa i Ålesund. Oppveksten på Hessa gjorde at jeg fikk med meg en trygg og god ballast videre i livet. 

 

Boken består av dikt på både nynorsk og bokmål. Diktsamlingen er inndelt i følgende  tema; Til Hessa, Kjensle av livet (nynorsk), Det livet gir (bokmål), Korona, Slik eg såg det (nynorsk), Sett fra mitt ståsted (bokmål). Tilsammen innholder boken 76 av mine dikt.

Jeg håper du som kjøper boken vil kose deg med den,  og at du tar frem «Utspring frå Storsteinen»  når du trenger litt påfyll av energi. 

 

PS: En stor takk til alle som tok turen til Ålesund Bibliotek 1.juni  for å høre på diktopplesning og historien bak «Utspring frå Storsteinen».

 

Jeg stiller med glede opp for mer diktlesning i andre sammenhenger, så ta gjerne kontakt om det er av interesse.

 

Med vennlig hilsen

 

Bernt-Åge Grimstad 

forfatter

 

PS: Min først bok «Ledelse er enkelt» (utgitt 2019).

Ved å følge rådene i boka blir ledelse «enkelt» for deg som leder.

Boken bygger på mine erfaringer om ledelse gjennom et langt arbeidsliv.

 

«Ledelse er enkelt» kan du bestille her.  Du får begge bøkene mine tilsendt til din postkasse for kr 450,- inkl. porto


Når ei krone var ei krone



Når ei krone var ei krone

 

Det er lenge sidan ei krone var ei krone.

 

Det var i den tida du gjekk i banken

med sparebøssa og det i

bankboka vart skreve

kor rik du var.

 

Det var i den tida du putta myntar på parkometeret

og spela med kronestykke på automatene

til Raude Kors.

 

Det var i den tida du kunne ringe frå ein telefonkiosk

om du hadde myntar å putte på.

 

Det var i den tida du kunne betale straum-rekninga

med kronestykke på ein mynt-målar.

 

Ja, du kunne enda til betale TV-en din

med eit mynt-apparat festa til TV-en,

men du var nok ille ute om du ikkje

hadde fleire kronestykke å putte på

om TV-en slokna midt i det mest

spanande når du sat der i

godstolen fredagskvelden

og såg på Helgenen.    ➡️

 

 

 

Du kunne ikkje spole tilbake eller

sjå korleis det gjekk med Simon

Templar seinare på kvelden

eller dagen etter.

 

Du kunne heller ikkje sjå på ein annan

kanal eller YouTube eller laste ned

ein film eller bruke Chromecast.

 

Ein Kroneis kosta berre ei krone den gongen.

 

Ei krone var ei krone og pengar var pengar,

men vipps så vart det slutt på det.

Bank kan du framleis få…

…om du vil det då,

men du skal

helst ikkje i

banken gå.

 

Ellingsøy 12.september 2023

Bernt-Åge Grimstad


Rent sengetøy



B-Å Grimstad Consulting - Produkter og tjenester 

Kurs / foredrag om ledelse og lagbygging - mental trening -  bøker - diktopplesning

 

Trykk på linken under for å komme til min hjemmeside om mental trening og lagbygging

— Bernt-Åge Grimstad

mental trener og lagbygger