Skulen for livslang læring

Her står eg i “Daglegstova” 50 år etter at eg begynte på Møre Folkehøgskule i Ørsta

 

Sommaren er over og det er no klart for skule-start. Nokre har sin aller første skuledag, medan andre kanskje skal ta neste steg over på ein ny skule, ungdomsskule, vidaregåande eller starte på høgare utdanning.

I 1973 stod eg framfor ei stor endring i livet mitt, eg var klar for Møre Folkehøgskule i Ørsta. Eg skulle gå idrettslina. Lite visste eg den gongen at året på folkehøgskule skulle sette so djupe spor. Året i Ørsta har forma meg og utvikla meg i stor grad, det vart eit år som la eit godt grunnlag for stå på livsens scene. Det var eit år som forma meg som menneske, eg vart meir moden og trygg i meg sjølv. Eg lærde å ta  omsyn til andre, eg lærde at samarbeid er grunnlaget for utvikling av seg sjølv og andre.   

 

Men kva er er eigentleg læring? Er det å forme alle likt,  støype dei i den same forma , eller er det å ta vare på mangfaldet. Er det at kvar einskild får utvikle seg sjølv, verte betre kjent med den dei eigentleg er, lære å takle utfordringar som livet byr på?

 

Det er slik eg ser det, å ta vare på mangfaldet. For det er gjennom mangfald vi utviklar dette flotte landet vårt. Difor er det viktig at skulen og samfunnet dyrkar mangfaldet og tek vare på kvar einskild sitt potensial. Så du som er lærar idag på alle plan i den norske skulen, finn ut kva kvar einskild er interessert i og bruk det som bakgrunn for utvikling. Det du er interessert i blir du god på.  

Når du er blitt god på det du brenn for, vil du då lettare også ta til deg kunnskap om det du ikkje har så stor interesse for, fordi du då har vorte tryggare i deg sjølv.

 

NRK har ein “Podcast” som heiter “Burde ha vært pensum”.  Om eg skulle velje kva som burde stå øvst på pensum-lista i den norske skulen, så burde der stå menneskekunnskap - læra om livet. Det viktigaste er å lære elevane på alle trinn å sjå seg sjølv som verdfulle, å sjå sin eigenverdi, for det er grunnlaget for å bygge mental styrke.

 

Når du som lærar, no dei første dagane med ei ny klasse ser ut over elevane dine, kva ser du då?  

 

Ser du mange flotte menneske som alle på kvar sin måte har potensial og moglegheiter,  eller ser du ein flokk med håplause individ som du må slite med det neste året, og kanskje i flere år?  

 

Eg vonar du ser mange flotte, einskilde individ og at du ser det som di oppgåve å fylle dei med energi og livsglede, at du ser kvar einskild som den dei er, slik at dei vert godt rusta til å møte det vi kallar “livets skole”.  Det er her folkehøgskulen er unik og som eg skulle ønske det også vart meir av i den norske skulen på alle nivå.

 

Nikolaj Frederik Severin Grundtvig vert kalla folkehøgskulen sin «far», Grundtvig si grunnholdning til læring var; “Kunnskap og forståing kan berre utviklast i direkte kontakt med det ein ynskjer å bli kjend med”.

Det er desse grunnhaldningane folkehøgskulen framleis er tufta på 150 år etter. Her er eit utdrag frå Møre Folkehøgskule si heimeside på mellom anna det skulen står for i dag:

 

“Den kanskje største forskjellen frå ordinær skule er fridom frå lekser og eksamen. Folkehøgskulane har ei eiga lov som sikrar at dei skal være eksamensfrie og utan fastlagde læreplanar frå det offentlege. Dette gir skulane stor fridom til å legge opp undervisninga saman med elevane. Elevdemokrati er viktig på folkehøgskulane.

Fagtilbodet og måten læringa vert lagt opp på skil seg frå det du er van med frå andre skular. Samtalar og samarbeid, praktisk arbeid, prosjekt og ekskursjonar er stikkord. Tilbakemelding får du ikkje gjennom karakterar og prøver her, men gjennom samvær og samtalar med medelevar, lærarar og personalet elles.”

 

Det er dette dei ca100 nye elevane på Møre Folkehøgskule vil møte når dei kjem til sin nye skule i dag 21.august 2023. For 50 år sidan stod eg der sjølv, og endå kan eg trygt sei at året på folkehøgskule var det skuleåret eg lærde mest, det var det skuleåret som forma meg mest som menneske. Eg vart meir moden og trygg i meg sjølv. Eg lærde å ta omsyn til andre, eg lærde at samarbeid er grunnlaget for utvikling av seg sjølv og andre.   

 

Når eg var på vitjing i Ørsta onsdag 16.august, gjekk eg innom skulen for å gi litt tilbake som takk for alt skulen gav meg av kunnskap og livslærdom. Eg banka på kontoret til rektor Rune Hovde for å gi skulen diktsamlinga mi “Utspring frå Storsteinen”. Han tok seg då tid til å vise meg rundt på skulen som for 50 år sidan sette så djupe spor i meg.

 

Gleda var stor når eg framleis såg at “Daglegstova” og “Gymsalen” med sine scener stod der mest uendra slik det gjorde når eg var elev på skulen.  Skulen som lærde meg å stå på “Livets scene”. Skulen som lærde meg at alle er like verdfull.

 

Bortkasta skuleår, gir ingen formell kompetanse,” er ord mange kastar rundt seg om folkehøgskulen si rolle. Dei som seier det kan ikkje ha tatt meir feil. Det er ingen skule du lærer meir om det viktigaste i livet enn på ein folkehøgskule, det burde heile skule-systemet i Noreg ta lærdom av, ….“Det burde ha vært pensum.”

 

Med venleg helsing

Bernt-Åge Grimstad

 


Mental trening og lagbygging

— Bernt-Åge Grimstad

mental trener og lagbygger

No jobbar eg med mental trening og lagbygging. Grunnlaget for det eg driv med i dag vart lagt i tida på Møre Folkehøgskule. Der lærte eg at samarbeid er lagbygging, mykje handlar om å få det beste ut av kvarandre og laget, anten det er i arbeidslivet eller på andre “arenaer.” Eg lærde og at alle er like verdfull, at grunnlaget for mental styrke er sjølvkjensle, det å sjå sin eigenverdi.

Om du vil lese meir om lagbygging og mental trening så kan du gå inn på den andre heimesida mi https://www.lagbygger.com/ 

Der kan du også sjå tenestene eg tilbyr. «Min Visjon er å gjøre lagbygging enkelt. Gjennom lagbygging og mental trening medvirke til å oppfylle drømmer.”

Kanskje du og teamet ditt ønsker kurs eller foredrag om ledelse og lagbygging? Kanskje du er ein person som ikkje kjem heilt i gong med endringsprosessen i livet ditt?

 

Då kan kanskje mental trening hjelpe deg på vegen. Det har vist seg i mange høve at mental styrke ofte er avgjerande for om du lykkast med å få ut ditt potensiale, anten du er idrettsutøvar, leiar eller ein person som ønsker å gjere nokre korrigeringar i livet sitt.  Mental trening passar for alle,  og det kan bli den vesle skilnaden som gjer at du lykkast.   

Som sertifisert mental trener kan eg hjelpe deg med å finne ressursane du har i deg.»


Her kan du kjøpe diktboka “Utspring frå Storsteinen” (sjå skjema under)


"Utspring frå Storsteinen” kan du kjøpe her for NOK 290 (inkl.porto). 
Du kan velge å betale med vipps til 585801 (B-Å Grimstad Consulting, Gamle Flisnesvegen 39) eller få tilsendt faktura til din e-post.

Boken kan og kjøpes  «over disk” for NOK 290 i følgende butikker i Ålesund:

  • KIWI Skarbøvika
  • Ark Kremmergaarden
  • Ark Amfi Moa
  • Norli Amfi Moa Øst 

Aasentunet i Ørsta har boka for salg både over disk og i sin nettbutikk. Boka kan og bestilles fra sidene til andre nett-bokhandlere.

 




Her er den unge utgåva av meg frå tida i Ørsta og Møre Folkehøgskule